Tilhørighet
License: Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Unported. Cropped.
Det å høyra til er eit djupt menneskeleg behov som me alle ber med oss. Den fundamentale trongen til å høyra til finn ein i alle kulturar og folkeslag. Det å ikkje få oppfylt denne trongen vil ofte få langvarige negative konsekvensar, og det går ut over fysisk og psykisk helse og velvære. Vanlegvis vil psykologar vera opptekne av at ein oppnår denne kjensla av å høyra til gjennom det å vera del av ei gruppe menneske: familie, vennegjeng, skuleklasse og små sosiale grupper. Men det kan òg vera større samanhengar knytt til religion, idrettslag eller politisk parti. Denne trongen er òg del av det som driv oss til å etablera langvarige forhold til ein partnar. Kontakten med det ein skal høyra til i, må vera langvarig og bør òg vera utan for store konfliktar.
I si bok «The Psychology of Belonging» understrekar utviklingspsykologen Kelly-Ann Allen, som har forska mykje på tilhøyrsle, sterkt at gjensidigheit er sentralt i det å høyra til. Ein får og gir, gir og får: merksemd, aksept og støtte. Det å overkoma hindringar og vanskar gjennom gjensidig forståing og felles handling, er grunnleggjande ved det å byggja opp ei tilhøyrsle-kjensle.
– Fra «Å høyra til», en artikkel av Helge Torvund, norsk lyriker, forfatter og psykolog, Klassekampen fredag 9. april 2021, side 32-33.
Teksten er fra seksjonen
